...
Der går mot forlik for administrerande direktør Arvid Andenæs og Sparebanken Sogn og Fjordane i en strid om vautarådgivning til en kunde. Foto: Sogn og Fjordane/Firda

Kunde tapte 3,5 millionar

Førde (ANB): No går det mot forlik med Sparebanken Sogn og Fjordane.

Publisert 27.04.2012 kl 12:59 Oppdatert 27.04.2012 kl 13:02

Tips en venn på e-post:

www.finnmarkdagblad.no Se alle stillinger





[Firda] Kunden meiner han tapte 3,5 millionar kroner på grunn av manglande rådgjeving om valutahandel. No går det mot forlik.

Det var i 2005 at ein mann her i fylket satsa ein million kroner på terminhandel i valuta i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Kunden har fortalt at han først tapte millionen og deretter 2,4 millionar til i eit forsøk på å rette opp igjen tapet hausten 2008.

Han har stemna Sparebanken Sogn og Fjordane for retten, fordi han meiner at banken ikkje hadde noko system for varsling ved tap av kapital, slik andre bankar praktiserte på det tidspunkt.

Les også: Tapte 86 milliarder

Saka var sett opp i Sogn tingrett denne veka, men no jobbar partane for å unngå rettssak. Det stadfester kundens advokat, Thor Bendik Berg.

– Vårt mål er at vi skal oppnå eit forlik, og at det skal vere på plass i løpet av tre–fire veker, seier Berg til Firda.

Saka vekte nasjonal merksemd då ho vart kjent i 2009, og det var sett søkjelys på valutalån, valutahandel og varslingsrutinar frå bankane.

Det er fjerde gong saka vert avlyst eller flytta. Sist skulle saka gå i Fjordane tingrett i desember, men då kom det fram at verken sorenskrivar Terje Mowatt eller andre dommarar kjende seg habile til å ta saka.

Alle hadde ei eller anna tilknyting til Sparebanken Sogn og Fjordane, med hovudkontor i Førde. (ANB)